Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Ytringsfrihet

Karikaturteikning er toleranse

Teiknaren skyt ikkje med hagle. Han råkar dei som fortener kritikk. Lars Gauden-Kolbeinstveit i Dag og Tid:

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 2. oktober 2015

Av Lars Gauden-Kolbeinstveit , filosof og rådgiver i Civita

Teiknaren skyt ikkje med hagle. Han råkar dei som fortener kritikk.

I desse dagar gjev kunstnar Thomas Knarvik ut boka In his name med karikaturteikningar på det danske forlaget Tøkk. Boka skulle eigenleg kome ut på eit norsk forlag for tre månader sidan, men forlaget har drege heile opplaget på 2500 attende, og bøkene skal nå destruerast (brennast) av uvisse grunnar.

Det er særleg overgrep i namnet til religionen som vert karikerte og kritiserte. Både jødedom, kristendom og islam vert karikerte, så ein kan ikkje legitimera brenninga med at kunstnaren er for hard med berre éin religion. Det må vera noko anna.

På sundag fekk eg eit norsk eksemplar av boka som var sleppt unna bokbålet. Eg hadde med meg boka på t-banen, men gøymde henne under jakka. Eg vart usikker. Kan eg trygt sitja å bla i ei slik bok på t-banen i Oslo? Truleg, men kven veit? Til liks med forlaget gøymde eg bort boka. Er me feige? Men det er etter kvart mange døme på at dei som karikerer islam vert truga eller utsette for dødeleg vald, då er det sjølvsagt legitimt å vere redd. Det norske forlaget har sagt at dei ikkje vil gje ut Knarviks bok på grunn av manglande «kvalitetssikring», og at kunstnaren og forlaget «har et forskjellig standpunkt i det islamkritiske landskapet». Forleggjar, Håvard Mossige, seier det ikkje rett ut, men det kan verka som han freistar å seia at Knarvik driv med islamkritikk som ikkje er legitim. I staden for å vedgå at han er redd, noko som vil ha vore forståeleg, freistar han å diskreditera Knarvik politisk.

Den same feige haldninga såg me hos den norske regjeringa (og store delar av pressa) under karikaturstriden for ti år sidan. I staden for rett ut å seia at dei frykta vald og åtak på til dømes ambassadar og avisredaksjonar, så hengde regjeringa ut Selbekk som ein illegitim islamkritikar. Toleransen er såleis snudd på hovudet. I staden for å krevja meir toleranse frå dei valdelege så krev ein toleranse frå dei som brukar den sjølvsagde retten til ytringsfridom.

Det er rolla til ein teiknar å setja ting på spissen. Knarvik sparkar i fleire retningar, men skyt ikkje med hagle. Han råkar dei som fortener kritikk. Han karikerer religiøse overgriparar – ikkje berre med å teikna dei som frodande og brutale, men òg som stakkarslege, enkle og dermed vel så fråstøytande. Dette er gode karikaturar fordi det råkar overgriparane og ikkje vanlege og harmlause religiøse.

Knarvik, som ikkje har teikna profeten Muhammed i boka, seier det best sjølv: «Jeg mener, at Muhammed allerede blir karikert igjennom de bilder, som religiøse galninger tegner av ham igjennom deres ugjerninger. »

Innlegget er publisert i Dag og Tid fredag 2. oktober 2015.

Publisert: 29. november 2023
Toleranse Ytringsfrihet
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Venezuelan President Nicolas Maduro
Eirik Løkke

Svar til Birkeland

At Birkeland er mer opptatt av å angripe Machado enn Maduro, er særs talende.
InternasjonaltMedia
sosiale medier
Skjalg Stokke Hougen

Sosiale medier som årsak til populisme

Jordsmonnet som populismen vokser i, er i stor grad skapt av sosiale medier og internettets inntog.
PopulismeMedia
Bård Larsen

Demagogi – en liten presisering

I Klassekampens leder den 27. november avlegger redaktør Mari Skurdal meg en snarvisitt.
Politikk og samfunnMedia
Bård Larsen

Når mediekritikk blir autoritær strategi

Når aktører bevisst og strategisk sprer mistillit til etablerte medier blir angrepene giftige og farlige.
DemokratiPolitikk og samfunnMedia
Koranen islam
Hans Jacob Huun Thomsen

Et knefall for hårsåre islamister

Karikaturstriden er en viktig påminnelse om at vi ikke kan legge oss på rygg for trusler og radikalisme.
Demokrati og rettigheterYtringsfrihet
Donald Trump
Eirik Løkke

Donald Trump og ytringsfrihet 

Med tanke på hvor mye Trump og MAGA-bevegelsen har skreket opp om sensur og manglende ytringsfrihet, er Trumps siste sprell en imponerende fremvisning i hykleri og skamløshet.
USAYtringsfrihet

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo