Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Politikk og samfunn

Dialog krev ytringsfridom

At ein bør visa religion som identitetsmarkør eit særleg omsyn, er eit blindspor. Kritikk av makt kan innebera kritikk av religion. Lars Gauden-Kolbeinstveit i Stavanger Aftenblad:

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 20. januar 2016

At ein bør visa religion som identitetsmarkør eit særleg omsyn, er eit blindspor. Kritikk av makt kan innebera kritikk av religion.

I Aftenbladet 13. januar skriv Tom Hetland i si bokmelding «Ytringdfridom i ei terrortid» om korleis Vebjørn Selbekks erfaring, og utviklinga etter karikaturstriden for ti år sidan, har hjelpt oss til å tenkja meir prinsipielt om ytringsfridomen. Hetland skal ha ros for å vedgå at han og andre redaktørar burde forsvart Selbekk sterkare då Selbekk vart utsett for alvorlege trugslar og Utanriksdepartementet freista å stempla Selbekk som syndebukk.

Fleire publiserte teikningane

Som Hetland skriv, hadde fleire aviser, til dømes Aftenbladet sjølv, publisert teikningane fleire månader før Magazinet. I denne samanhengen er det også verdt å minna om kva Pressas faglege utval meinte om saka i Magazinet: «Utvalget merker seg for øvrig at publiseringen av tegningene inngår i et saklig oppslag om forholdet mellom ytringsfrihet og islam, og at presentasjonen heller ikke har noen provoserende form.»

Kven skal setta grensene?

Hetland ser samstundes ut til å hevda at ytringsfridomen må balanserast mot andre verdiar. Det er i visse samanhenger, som til dømes vern av personleg informasjon og vern mot injuriar, rett at ytringsfridomen ikkje kan tolkast absolutt. Som hovudprinsipp er det ingen grunn til å tru at Hetland vil ha sterkare juridiske grenser for ytringsfridommen – støtta til mellom anna Selbekk syner det godt. Samstundes er det nokre av Hetland sine refleksjonar omkring religion, identitet og dialog som eg er kritisk til.

Det er rett at religion for mange er viktig for identiteten deira, men at ein bør visa religion som identitetsmarkør eit særleg omsyn, er eit blindspor. Kritikk av makt kan innebera kritikk av religion. Ingen må få kunna hindra eit fritt ordskifte ved å hevda at identiteten deira blir krenka om nokon kritiserer religionen deira.

Og kven skal setta grensene? Det er ikkje berre tradisjonell religion som er viktig for identiteten til folk. For nokon er fotball eller kunst viktig. Hetland har sjølvsagt rett i at mennesket er ukrenkjeleg, men det inneber at mennesket må få tru og meina kva det vil, og ingen har rett til å bruka vald eller truga med vald mot ytringar. Det at mennesket er ukrenkjeleg inneber ikkje at det skal få sleppa å høyra ting det ikkje likar.

Feil stad til feil tid

Til slutt spør Hetland om det er «nokon veg utanom den utskjelte dialogen?» Eg er ikkje sikker på om dialog berre er utskjelt. I karikaturstriden er det sentrale i kritikken av «dialog» at dei som snakkar om dialog gjer det på feil stad og til feil tid. Dialog kan i mange samanhengar ha mykje godt ved seg, men når nokon vert truga med vald, må ein vita kva for side av konflikten ein skal stå på. Den som karikerer eller driv med satire, ytrar seg. Han eller ho freistar ofte å starta ein form for dialog. Det er dei som truar eller driv med vald, som absolutt ikkje vil ha dialog.

Innlegget var publisert i Stavanger Aftenblad tirsdag 19. januar 2016.

Publisert: 24. oktober 2023
Karikaturstriden Religion Ytringsfrihet
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Donald Trump
Eirik Løkke

Trump har endret global politikk på ett år

Vi er i ferd med å få en post-amerikansk verden.
USAInternasjonalt
Davos
Kjetil Wiedswang

Kampen om Grønland: Iskaldt møte i Davos

Det vestlige samarbeidet kan denne uken få nådestøtet i kulden i Davos. Tema for møtet er «dialog». Det går mot full konfrontasjon.
InternasjonaltUSAPolitikk og samfunn
bokhandel bøker
Steinar Juel

Reklamasjonsretten på bøker er mangelfull

Når en ny jakke har defekt glidelås, har vi full rett til å levere den tilbake. Slik er det ikke med sakprosabøker.
Politikk og samfunnKultur
Machado Venezuela
Eirik Løkke

Jo, fredsprisen står seg

I Klassekampen 13. januar hevder Geir Kjell Andersland at det er åpenbart at fredsprisen ikke burde gått til Machado. Jeg er uenig.
InternasjonaltPolitikk og samfunn
Grønland
Kjetil Wiedswang

USA tar Grønland. Hva så?

Et selvstendig forsvar har vært en europeisk drøm siden 1950-tallet. Trumps Grønland-planer kan tvinge det frem. Norge kan havne i atlantisk klemme.
InternasjonaltForsvar og sikkerhetEU og EØS
Donald Trump
Ketil Solvik-Olsen

Trump er i forhandlingsmodus

Foreløpig sover jeg rimelig godt.
InternasjonaltUSA

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo