Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Internasjonalt

EU: Låg oppslutning, høg tillit

Sjølv om valoppslutninga i aust er under 35 prosent, med dei lågaste tala i Slovakia, Tsjekkia og Polen, har veljarane i aust stor tillit til Europaparlamentet som institusjon. Jan Erik Grindheim i Klassekampen.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 27. mai 2019

I samband med valet til Europaparlamentet 23.-26. mai, hadde Klassekampen ein interessant reportasje med tittelen «Aust føler seg gløymd» same dag valet starta. Her kunne me lesa at oppslutninga om desse vala er særs låg i alle dei europeiske landa, men katastrofalt låg i dei austeuropeiske landa som vart med i EU i 2004. Forskar Eva Sarfi ved Universitetet i Oslo meiner grunnen til dette er at landa i aust ikkje har same demokratiske tradisjonen som landa i vest. Mykje av parti- og veljarforskinga støtter denne forklåringa, sjølv om det òg i desse landa nok er mange som ikkje finn dei sakene Europaparlamentet vedtar interessante nok til at dei bryr seg.

Det Sarfi ikkje kjem inn på, er at sjølv om valoppslutninga i aust er under 35 prosent, med dei lågaste tala i Slovakia, Tsjekkia og Polen, har veljarane i aust stor tillit til Europaparlamentet som institusjon. Tal frå dei halvårige meiningsmålingane Eurobarometeret, syner at meir enn 40 prosent seier dei har tillit til Europaparlamentet. I Slovakia er talet faktisk 50 prosent, medan 41 og 52 prosent seier det same i Tsjekkia og Polen.

Kor vanskeleg det er å forklåre desse trendane ser me òg om me gjeng attende til valet i 2014, kor det synte seg at i nokre av dei vestlege EU-landa gjekk tilliten til Europaparlamentet ned medan valoppslutninga gjekk opp, til dømes i Frankrike, Hellas og Tyskland.

Om valoppslutninga skal gå opp til den einaste direkte valde politiske institusjonen i EU, må dei 751 parlamentarikarane truleg lytte meir til kva saker veljarane tykkjer er viktigast. I den siste Eurobarometarundersøkinga frå i vår seier halvparten når dei kan velje dei to viktigaste sakene, at det er økonomi og vekst, medan 49 prosent seier kampen mot arbeidsløysa. Tredje viktigaste sak er immigrasjon, medan saker me kanskje skulle tru veljarane var meir opptekne av, som korleis EU skal fungere i framtida, tryggleiks- og forsvarspolitikk og vern av eksterne grensar, kjem under 30 prosent.

Innlegget er på trykk i Klassekampen 25.5.19. Se også:

https://www.civita.dev08.dekodes.no/publikasjon/forent-i-forskjellighet-europaparlamentsvalget-23-26-mai-2019

Publisert: 31. januar 2023
Europa Tillit
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Donald Trump
Eirik Løkke

Trump har endret global politikk på ett år

Vi er i ferd med å få en post-amerikansk verden.
USAInternasjonalt
Euro, valuta, penge, penger, europa
Per Christiansen

EU og økonomi

DOBBELTBREV nr. 93

EU-samarbeidet er i utgangspunktet et markedssamarbeid. Dette er fortsatt kjernen i EU, og omfatter i dag også en felles valuta og koordinering av økonomisk politikk. Men nærmere samarbeid på andre saksområder spiller en stadig viktigere rolle. Dette påvirker markedssamarbeid direkte og indirekte og fremmer en bredere politisk integrasjon mellom medlemsstatene.
Økonomi og velferdEU og EØS
Davos
Kjetil Wiedswang

Kampen om Grønland: Iskaldt møte i Davos

Det vestlige samarbeidet kan denne uken få nådestøtet i kulden i Davos. Tema for møtet er «dialog». Det går mot full konfrontasjon.
USAPolitikk og samfunnInternasjonalt
Machado Venezuela
Eirik Løkke

Jo, fredsprisen står seg

I Klassekampen 13. januar hevder Geir Kjell Andersland at det er åpenbart at fredsprisen ikke burde gått til Machado. Jeg er uenig.
InternasjonaltPolitikk og samfunn
Grønland
Kjetil Wiedswang

USA tar Grønland. Hva så?

Et selvstendig forsvar har vært en europeisk drøm siden 1950-tallet. Trumps Grønland-planer kan tvinge det frem. Norge kan havne i atlantisk klemme.
InternasjonaltForsvar og sikkerhetEU og EØS
EU, Europa, forsvar, millitære, forsvarssamarbeid,
Kjetil Wiedswang

Europaunionen blir stadig tettere fordi alternativet skremmer

Nasjonalkonservative partier som vil svekke EU, vinner velgere. Men Europa beveger seg motsatt vei.
PopulismeEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo