Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Demokrati, flagg, Norge, mennesker
iStockphoto.com
Politikk og samfunn

Ein kanon for usikre tider

På sitt beste vil ein kanon hjelpe oss å vere tryggare på kva fridom, demokrati og norsk kultur inneber.

Skjalg Stokke Hougen

Publisert: 5. oktober 2025

 I 1784 skreiv Immanuel Kant ei setning som fangar opp mykje av det europeiske kulturgrunnlaget. Opplysning, skreiv Kant, er mennesket sin veg ut av sjølvforskyld umyndigheit.

Ein opplyst borgar er på mange måtar ein danna borgar, men òg ein myndig borgar.

Opplysning må vi søkje etter saman med andre, det fell ikkje ned i fanget ditt. Ein borgar vert myndiggjord gjennom andre borgarar, gjennom kjennskap til eins kulturelle opphav og gjennom å granske seg sjølv kritisk. Korleis legg vi som samfunn til rette for ei slik myndiggjering? Vi må snakke om kulturen vår. For i kultur ligg det kunnskap og læring vi ikkje må ta for gitt.

Kvifor nemner eg dette? Eg gjer det fordi Astrid Dypvik i Dag og Tid 26. september skriv om at det i desse dagar er fleire initiativ for å løfte fram kultur i ei uroleg verd. Ho har gode poeng om mykje, men er skeptisk til ein norsk kanon. Eg skjønar skepsisen, men eg trur frykta for kva ein kanon vil vere eller ikkje vil vere, er overdriven.

Ei vanleg innvending er at vi ikkje kan verte samde om kva innhald ein kanon skal ha. Det er litt av poenget med kanonar. Sjølve debatten om kva kanonen skal innehalde, er ei kanonisering i seg sjølv. Over tid vil det kome nye debattar, vurderingar og kontroversar. Samstundes rører kulturen seg vidare.

Dypvik er litt inne på dette når ho nemner tidsånda. Historie, kultur og idear, og synet vårt på dette, er som å sjå gjennom eit kaleidoskop. Når ein brukar eit kaleidoskop og ristar litt på røyret, kjem glasbitane i rørsle, og nye mønster oppstår. Slik er det med fortida og røtene våre, til ulike tider vil vi feste oss ved ulike aspekt.

I dagens fragmenterte samfunn treng vi ei form for eining og samling. Vi treng ei kulturell opprusting, særleg i skulen. Norsk kultur er djup og har lange røter. Han må alltid undervisast i, samstundes som han må granskast kritisk, i opplysninga sitt namn, ikkje i ideologien sitt namn.

Eg meiner at dette hastar. I det store og heile er det folkeopplysning vi talar om. Og dette må skje overalt: på sosiale medium, i skulen, i dei mange offentlegheitene vi har fått. Eller berre rundt middagsbordet.

Ein kulturkanon ville vore eit framifrå verktøy for heile folket. Vi treng ikkje å verte samde om kva, kvar eller kven – det vi treng, er å snakke om kva det vil seie å vere borgar i eit liberalt demokrati tufta på ein norsk kulturarv.

Teksten er publisert i Dag og Tid 3.10.2025.

Publisert: 3. oktober 2025
Kultur Kanon
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Donald Trump
Eirik Løkke

Trump har endret global politikk på ett år

Vi er i ferd med å få en post-amerikansk verden.
USAInternasjonalt
Davos
Kjetil Wiedswang

Kampen om Grønland: Iskaldt møte i Davos

Det vestlige samarbeidet kan denne uken få nådestøtet i kulden i Davos. Tema for møtet er «dialog». Det går mot full konfrontasjon.
InternasjonaltUSAPolitikk og samfunn
bokhandel bøker
Steinar Juel

Reklamasjonsretten på bøker er mangelfull

Når en ny jakke har defekt glidelås, har vi full rett til å levere den tilbake. Slik er det ikke med sakprosabøker.
Politikk og samfunnKultur
Machado Venezuela
Eirik Løkke

Jo, fredsprisen står seg

I Klassekampen 13. januar hevder Geir Kjell Andersland at det er åpenbart at fredsprisen ikke burde gått til Machado. Jeg er uenig.
InternasjonaltPolitikk og samfunn
Grønland
Kjetil Wiedswang

USA tar Grønland. Hva så?

Et selvstendig forsvar har vært en europeisk drøm siden 1950-tallet. Trumps Grønland-planer kan tvinge det frem. Norge kan havne i atlantisk klemme.
InternasjonaltForsvar og sikkerhetEU og EØS
Donald Trump
Ketil Solvik-Olsen

Trump er i forhandlingsmodus

Foreløpig sover jeg rimelig godt.
InternasjonaltUSA

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo