Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
latter humor gutt
Politikk og samfunn

Folk har ulik humor

Både Hallgrim Berg og Jan Inge Sørbø har skrive interessant om humor i Dag og Tid dei siste vekene, men dei verkar litt for glade i humor som dei sjølv likar.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 18. desember 2022

Eg er usamd med Sigrid Bonde Tusvik i mykje. Eg er ueinig med ho politisk og den kvinnelege utgåva av garderobesnakk er meg noko framand. Men når vi menn liker eller toler at menn snakkar skit, så må kvinner få gjera det same.

Eg var altså prega av fordommar då eg nyleg vitja Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne si jubileumsframsyning i Oslo. Framsyninga har fått hard kritikk i mellom anna Aftenposten og på sosiale medium. Noko av kritikken er så hard og unyansert at eg vert irritert. For det er ikkje berre humor ein liker, som er god.

Vi som er kritiske til Tusvik og Tønne, bør hugse på at dei er svært populære og har mange lyttarar og tilhengarar. Då lyt vi freiste å forstå kvifor. Og ein lyt tolka i beste meining. Mona Hoff skreiv i Aftenposten 1. desember at Tønne og Tusvik «sparker nedover», og at dei får «trampeklapp når de fra scenen hetser og mobber».

Eg kan forstå at Hoff er kritisk, men ho overdriv sterkt. Det er mogleg å tolka humoren på eit anna vis. Tvert om hadde Tusvik nokre interessante refleksjonar om korleis ho lasta seg sjølv då ho sleit i sambuarskapet. Det var ei forløysing å finna ut at sambuaren hadde funne ei anna. Å le av det hjelpte. Ein kan hevda at det ho sa, tilhøyrer privatlivet og rammar andre partar. Kor dei etiske grensene går er ikkje lett å svare på. Men mykje av det dei sa om utruskap og privatlivet, var heilt harmlaust.

Tusvik gjorde mellom anna narr av korleis skilde pyntar på eiga forteljing og seier det er enklare for ungane enn det av og til kan vera. Det var på eit vis hjarteleg humor, for å låna Hallgrim Berg sine ord om korleis humor skal vera. Det ho sa, kan beint fram tolkast som eit konservativt forsvar for truskap og familie. Toleranse tyder å halda ut det ein ikkje liker – også i diskusjon om humor.

Innlegget er på trykk i Dag og tid 16.12.2022.

Publisert: 16. desember 2022
Toleranse Humor
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Donald Trump
Eirik Løkke

Trump har endret global politikk på ett år

Vi er i ferd med å få en post-amerikansk verden.
USAInternasjonalt
Davos
Kjetil Wiedswang

Kampen om Grønland: Iskaldt møte i Davos

Det vestlige samarbeidet kan denne uken få nådestøtet i kulden i Davos. Tema for møtet er «dialog». Det går mot full konfrontasjon.
InternasjonaltUSAPolitikk og samfunn
bokhandel bøker
Steinar Juel

Reklamasjonsretten på bøker er mangelfull

Når en ny jakke har defekt glidelås, har vi full rett til å levere den tilbake. Slik er det ikke med sakprosabøker.
Politikk og samfunnKultur
Machado Venezuela
Eirik Løkke

Jo, fredsprisen står seg

I Klassekampen 13. januar hevder Geir Kjell Andersland at det er åpenbart at fredsprisen ikke burde gått til Machado. Jeg er uenig.
InternasjonaltPolitikk og samfunn
Grønland
Kjetil Wiedswang

USA tar Grønland. Hva så?

Et selvstendig forsvar har vært en europeisk drøm siden 1950-tallet. Trumps Grønland-planer kan tvinge det frem. Norge kan havne i atlantisk klemme.
InternasjonaltForsvar og sikkerhetEU og EØS
Donald Trump
Ketil Solvik-Olsen

Trump er i forhandlingsmodus

Foreløpig sover jeg rimelig godt.
InternasjonaltUSA

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo