Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Politikk og samfunn

Meir pengar, eller meir sosial kontroll?

Sosiale normer og gode verdiar kan ikkje fremjast av politi, rettsapparatet eller anna myndigheit åleine.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 14. november 2021

Det verkar som rein symbolpolitikk når den førre regjeringa foreslo berre 8 millionar kroner til tiltak mot barne-, ungdomsog gjengkriminalitet i sitt statsbudsjett, skriv redaktør Svein Gjerdåker i ein leiarkommentar til drapa i hovudstaden dei siste månadane (Dag og Tid 5. november). Han er òg kritisk til at den nye justis- og beredskapsministeren Emilie Enger Mehl, med støtte hjå Oslos byrådsleiar Raymond Johansen og politiet, har sagt at Oslo eigentleg er ein trygg by, sidan desse drapa trass alt har gått føre seg i kjende kriminelle miljø.

Det er ikkje vanskeleg å være samd i Gjerdåker sin kritikk, for det er mange som kjenner på fortvilinga over kva vald og gjengkriminalitet gjer med lokalmiljøet i visse deler av Oslo. Men er det berre meir pengar som skal til for å endra på dette? Spesielt når vi veit at det er «våre gutar med innvandrarbakgrunn, som er overrepresenterte i gjengmiljøa», for å seie det med Gjerdåker. Må ikkje desse tiltaka starte i heimen hjå desse gutane, og i dei sosiale nettverka dei er ein del av, slik vi er vande med i utviklinga av samfunnet vårt?

Vi høyrer ofte ordet sosial kontroll når det gjeld jenter med såkalla minoritetsbakgrunn, men då med eit negativt forteikn. Ved storbyuniversitetet Oslomet har dei forska mykje på dette. Men kva med å tenkje sosial kontroll med eit positivt forteikn for gutane i dei same miljøa? Det desse gutane treng er vel, som alle gutar i oppveksten, nokre klåre rammer for korleis dei ter seg andsynes andre og som del av eit samfunn. Sosiale normer og gode verdiar kan ikkje fremjast av politi, rettsapparatet eller anna myndigheit åleine. Dei må òg verdsettast og vakse fram nedanfrå, for sjølv i eit moderne velferdssamfunn må familie og lokalsamfunn trå til når gode samfunnsvanar skal utviklast.

Innlegget er på trykk i Dag og Tid 12.11.2021.

Publisert: 1. desember 2021
Kriminalitet
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Donald Trump
Eirik Løkke

Trump har endret global politikk på ett år

Vi er i ferd med å få en post-amerikansk verden.
USAInternasjonalt
Davos
Kjetil Wiedswang

Kampen om Grønland: Iskaldt møte i Davos

Det vestlige samarbeidet kan denne uken få nådestøtet i kulden i Davos. Tema for møtet er «dialog». Det går mot full konfrontasjon.
InternasjonaltUSAPolitikk og samfunn
bokhandel bøker
Steinar Juel

Reklamasjonsretten på bøker er mangelfull

Når en ny jakke har defekt glidelås, har vi full rett til å levere den tilbake. Slik er det ikke med sakprosabøker.
Politikk og samfunnKultur
Machado Venezuela
Eirik Løkke

Jo, fredsprisen står seg

I Klassekampen 13. januar hevder Geir Kjell Andersland at det er åpenbart at fredsprisen ikke burde gått til Machado. Jeg er uenig.
InternasjonaltPolitikk og samfunn
Grønland
Kjetil Wiedswang

USA tar Grønland. Hva så?

Et selvstendig forsvar har vært en europeisk drøm siden 1950-tallet. Trumps Grønland-planer kan tvinge det frem. Norge kan havne i atlantisk klemme.
InternasjonaltForsvar og sikkerhetEU og EØS
Donald Trump
Ketil Solvik-Olsen

Trump er i forhandlingsmodus

Foreløpig sover jeg rimelig godt.
InternasjonaltUSA

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo