Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Nå er det vanlige folks tur! Støre, Arbeiderpartiet, Landsstyremøte.
Norsk politikk

Svakt frå Agenda

Lars Kolbeinstveit svarer Tiril Rustad Halvorsen.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 9. juni 2024

Akademikarane har fått Respons Analyse til å kartleggja korleis akademikarar røystar. Berre 14 prosent av respondentane ville ha røysta på Arbeidarpartiet (Ap) ved neste val. Dag og Tid freista førre vekke å forstå meir om kvifor. Pernille Ekornrud Grøndal intervjua rådgjevar Tiril Rustad Halvorsen i Agenda. Svara til Halvorsen gjev lite von for Ap.

AT AP GJER DET DÅRLEG, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve og gløymer «at vi er avhengige av eit fellesskap for at samfunnet skal fungere», slik Halvorsen hevdar. Tvert om kan det tenkjast at Ap gjer det dårleg fordi akademikarar ikkje likar eit meir radikalt Ap, men at SV framleis gjer det bra (16 prosent), tyder på at det er ulike faktorar som peikar i fleire retningar.

Det er vanskeleg å seia noko eintydig om kvifor akademikarar stemmer som dei gjer. Men å hevda at dei som stemmer annleis enn ein sjølv ville gjort, er egoistar, held ikkje. For Ap veit – vonar eg – at dei treng fleire røyster. Då er det ikkje lurt å seia at dei som kan hende røystar Ap på ein god dag, er egoistar om dei røystar Høgre.

I TENKJETANKAR treng vi ikkje røyster. Det gjer at vi kan tenkja høgt, slik Halvorsen gjer. Om tankane hennar gjer oss mykje klokare, er eg litt i tvil om. Halvorsen snakkar som om fellesskap er det same som ein stor offentleg sektor.

Meir moderate – både til venstre og høgre – ser at fellesskapa som skal til for at samfunnet skal fungera, er mykje meir enn offentleg sektor. Dessutan er offentleg sektor svært stor under høgrestyre i Noreg, særleg under Erna Solberg. Det siste er det gode samfunnsøkonomiske og maktmessige grunnar til å kritisera.

Ein for stor offentleg sektor kan komma i vegen for sivile fellesskap. KrF-ideolog Erik Lunde har skrive ein kritikk av det norske sosialdemokratiet og statsindividualismen i boka med den treffande tittelen Sammen er vi mer alene.

Velferdsstaten gjer oss meir uavhengige av medmenneska våre. Ein son kan studera kva han vil, på grunn av lånekassa. Om far er jurist og vil at sonen skal verta det same, har likevel far ikkje makt. Staten har gjeve sonen fridom. Staten hjelper om han vert arbeidslaus eller sjuk.

Men det ein ikkje kan gløyma i velferdsstaten, er at staten krev mykje attende. Alle skal med og finansiera det heile, fylgja arbeidslina og helst føda fleire born. Den teknokratiske tilnærminga til velferdsstaten har langt på veg Høgre tatt opp i seg. Det hadde vore interessant om Halvorsen hadde hatt tankar om Høgre kanskje gjer det godt fordi Solbergs Høgre har stole Ap sine klede?

HØGRE SKIL SEG likevel ut fordi dei mindre konsekvent tenkjer at offentleg finansiering betyr større rett til å styra. Høgre forsvarar valfridommen og individualismen i statsindividualismen. I Ap og SV vert det for mykje stat i statsindividualismen. Det fortreng jer andre sivile fellesskap, og det fortrengjer poenget med stor stat, som er likare moglegheiter for fleire, ikkje meir styring ovanfrå. Velferdsstaten er til for menneske, ikkje motsett, som Lunde seier.

Halvorsen seier venstresida samla sett gjer det betre. Det er sant, men eg saknar tankar om kvifor Ap gjer det så dårleg. Kan det tenkjast at Ap vert oppfatta som teknokratisk av meir verdiorienterte akademikarar, som røyster blodraudt og grønt? Gjer Høgre det bra mellom akademiske lillaveljarar når Ap misser makt på venstresida? Eller har styringspartia også eit akademikarproblem når Ap pluss Høgre berre utgjer 40 prosent? Akademikarar burde jo lika moderat styring. Slikt drøfter diverre ikkje Halvorsen.

SOSIALPSYKOLOGEN Jonathan Haidt har gjennom undersøkingar funne ut at konservativt orienterte menneske har lettare for å forstå at folk tenkjer annleis enn ein sjølv. Arbeidarklassa er ofte meir konservativ enn venstreliberale akademikarar.

Det er ikkje berre blant akademikarar Ap gjer det dårleg. I 1965 røysta om lag 70 prosent av LO-medlemmene Ap, i 1993 litt over 60 prosent. Ved valet i 2021 var det nede i 36 prosent.

Eg er redd trenden fortsett om ikkje sosialdemokratiske tenkjarar snart freistar å ta andre tankar om politikk og partipreferansar meir seriøst.

Teksten er publisert i Dag og tid 7.6.2024.

Publisert: 7. juni 2024
Arbeiderpartiet
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Lars Kolbeinstveit

Sylvi Listhaug blir statsminister

Toneangivende aktører vil ikke at Frp skal bli for stort. Men de kommer til å løfte Listhaug inn i statsministerboligen.
Norsk politikkPolitikk og samfunn
Stortinget, 169 stortingsplasser, borgerlig, rødgrønn
Kristin Clemet

Får vi et nytt politisk landskap?

Er det noe som kan forene de borgerlige partiene igjen, eller går det mot en skilsmisse før valget i 2029?
Norsk politikkPolitikk og samfunn
krf ulstein
Lars Kolbeinstveit

Høyre kan lære av Kristelig Folkeparti

KrF har de siste årene fremstått som en moderne organisasjon.
Norsk politikkPolitikk og samfunn
krf
Skjalg Stokke Hougen

Ulstein og KrF har gjort mye riktig

For et lite parti som Kristelig Folkeparti er det å karre seg over sperregrensen partiets fremste dyd. Et større bidrag til den borgerlige blokken finnes knapt.
Norsk politikkPolitikk og samfunn
Stortinget, 169 stortingsplasser, borgerlig, rødgrønn
Kristin Clemet

Fortsatt borgerlig samling?

Godt samarbeid og minst mulig «kaos» er som regel en god forsikring mot å tape valg.
Norsk politikkPolitikk og samfunn
murer, yrkesfag, masterbrev, mastersyke, arbeid, håndverker
Lars Kolbeinstveit

Frp er populært fordi Listhaug ikke går med på at ord betyr så mye

Fagorganiserte som stemmer Frp er ganske mange. De er notorisk lei av venstresidens snakk om retorikk.
Norsk politikkPolitikk og samfunn

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo