Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
eldrehjem eldreomsorg
Norsk politikk

Folk flest ynskjer eit godt samfunn

Lars Kolbeinstveit svarer Tiril Halvorsen.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 23. juni 2024

Tiril Halvorsens opphavelege påstand i Dag og Tid (31. mai) om at folk stemmer til høgre fordi dei er individualistar, er for enkel, og derfor spurde eg om ikkje ho og Agenda kunne reflektera over litt fleire hypotesar. Til dømes om venstresida set for mykje likskap mellom offentleg sektor og fellesskapet. Halvorsen skriv førre veke at ho kan tenka litt høgt, men fell altfor fort attende til den enkle hypotesen om at nokre interesser er betre enn andre.

Klassedimensjonen som Halvorsen trekker opp, kan forklare noko om korleis ulike folk (klassar) røystar. Men kva som er i arbeidarklassen si interesse, er det ulike svar på. Det er til dømes nokre i arbeidarklassen som kan meina at det er av det gode å ha fleire arbeidsgjevarar å velje blant. Dei ser at dei mister innverknad på eigen kvardag om det offentlege skal styra og driva for mykje.

HALVORSEN SKRIV at ho ynskjer offentleg finansiert velferd, og ikkje eit samfunn der den enkelte må ta risiko og betala for mellom anna sjukehus sjølv. Men det er ei avsporing. Også høgresida vil ha offentleg finansiert velferd. Det ein diskuterer, er om velferda er tent med å bruka private leverandørar av offentleg finansierte tenester, og om det kan fremja betre tenester og dermed betre ressursutnytting.
Eg kritiserte venstresida for å vilja styra for mykje, og gløyma at poenget med offentleg finansiering ikkje er å styra meir, men å fremja like moglegheiter. Det er synd Halvorsen ikkje har noko å seia til dette, men berre fortsett med at nokre er for eit fellesskap, og nokre vil ha individualisme og marknad.

LIKSKAP ER EIT VIKTIG mål i den norske velferdsmodellen. Det er vanskeleg å få til om det offentlege skal driva alt sjølv. I eit slikt Noreg kan dei med tjukk lommebok, som ynskjer betre og raskare velferd, kjøpa heilprivat velferd sjølv. Det kan fremja ulikskap.
Det er i denne samanheng interessant at samstundes som Høgre gjer det svakare på målingar, så har Ap lagt seg på ei meir moderat linje i drøftinga mellom privat og offentleg velferd. Helseminister Jan Christian Vestre vil nytta private aktørar for å få ned helsekøane. Sosialistisk Venstreparti (SV) har allereie reagert, og svarer med Agenda-språk. Nestleiar Marian Hussein sa til Dagens Perspektiv førre veke at: «Vi kan ikke fortsette ferden mot den amerikaniseringen av helsevesenet som skjøt fart under regjeringen Solberg.»

EG TRUR SV analyserer det heile feil. Det kan henda at Ap gjer det dårleg blant akademikarar fordi mange med utdanning gjennomskodar den enkle og feilaktige retorikken mot private løysingar. Mens andre med utdanning har meir tru på sentralstyring, er meir ideologiske og røystar raudare. Ap står difor i ein skvis her.
Det er ikkje enkelt å vita korleis ein styrer det offentlege helsevesenet godt, slik at ein nyttar ressursar effektivt og varetar sentrale mål om likskap og valfridom, men Vestres meir pragmatiske linje gjev litt von.

Teksten er publisert i Dag og tid 21.6.2024.

Publisert: 21. juni 2024
Velferdsstaten
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Eldreomsorg, sykehus, sykeseng, pleie, omsorg, velferd, velferdsstat, eldrereform, sykehjemsplass
Aslak Versto Storsletten

Norske velferdstjenester er ikke organisert som et åpent marked

Norske velferdstjenester er et resultat av politisk finansiering, styring og regulering.
VelferdsstatenPrivate i velferden
Barnesko, sko
Aslak Versto Storsletten

Feil prioritering i barnehagesektoren

Såkalt gratis barnehage er i vinden. Men det er feil medisin.
Finanspolitikk og offentlige utgifterVelferdstjenesterVelferdsstaten
lederskap
Kristin Clemet

Trenger vi egentlig ledere?

Offentlige virksomheter strever ofte fordi styring og ansvar er blitt for uklart. Ledere mister handlingsrom fordi systemene rundt dem ikke fungerer godt nok.
VelferdsstatenØkonomi og velferd
Avkommersialiseringsutvalget, ideelle og private velferdsleverandører, velferd
Mathilde FastingHege Moen

Vi bør tenke nytt om våre velferdsordninger

Hva om Nav går bort fra å vurdere arbeidsevne og i stedet sikrer inntekt til alle uten jobb? Tenk et system hvor Nav skaffer arbeid til alle som ønsker og trenger det, og hvor det alltid lønner seg å arbeide?
Trygder og pensjonerVelferdsstatenØkonomi og velferdArbeid og sysselsetting
Lege, helsevesen, folk, privat vs. offentlig, samarbeid, helsesektor,
Øystein Olsen

Er sykehuskø uunngåelig?

Behandling skal være veldig kostbart for at ikke en gjennomsnittlig velstående norsk innbygger er villig til å betale for å bli friskmeldt eller få livet vesentlig forlenget.
VelferdstjenesterVelferdsstaten
fedrepermisjon barnevogn menn likestilling
Per Christiansen

Fedrepermisjon og EØS-retten

BREV nr. 85

Fedrepermisjonen har gjennomgått flere endringer i Norge siden den ble innført. Det har blitt hevdet at den er beskyttet av EØS-retten. Dét stemmer, men virkningene av dette er begrenset.
VelferdsstatenEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo