Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Valgfrihet, velferd, private aktører i velferden
Velferdsstaten

Pludrejournalistikk med tvilsame påstandar

Jan Erik Grindheim svarer på artikkel i Dag og Tid.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 24. september 2023

Kva får ein til vanleg rett so kritisk journalist og forfattar som Morten Strøksnes til å sitja å pludre saman med leiar av alliansen For velferdsstaten Linn Herning om korleis det skal gå med den norske velferdsstaten etter at Høgre gjorde eit godt kommuneval sist veke.

«Ut og mate bendelorm», har Strøksnes kalla samtalen deira i Dag og Tid 15. september. Med det trekker han linene attende til ein debatt som gjekk i sumar etter at For Velferdsstaten hadde lag fram ein rapport med tittelen «Den internasjonale velferdsprofitten og bendelormøkonomien».

Herning er forfattar av boka Velferdsprofitørene frå 2017 og ein kjend motstandar av kommersielle aktørar i velferdsstaten. I tospann med Strøksnes får ho rikeleg høve til å utdjupa dette, når han legg orda i munnen hennar og stiller få om nokon kritiske spørsmål til dei påstandande ho kjem med om to av dei borgarlege partia og deira velferdspolitikk.

«Det er liten tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høyre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg», seier Herning. Men kor ho har dette frå, er ikkje godt å seie.

Sist dei to partia sat med makta på nasjonalt nivå i Noreg, gjekk utgiftene til offentlege velferdstenester ifylgje Statistisk sentralbyrå betrakteleg opp og ikkje ned. Og det er vel heller ikkje mange kommunar her i landet som har opplevd særlege kutt i den offentlege velferda fordi Høgre og Frp har hatt ei hand på rattet?
Ingen av dei hadde vel heller ikkje nokon idé om ei storstila privatisering i valkampen? Frå Høgre heiter det på heimesida deira at «det er det offentlige som skal ha ansvaret for velferdstjenestene, men private og ideelle som leverer gode tjenester bør få lov til å drive og utføre en del av tjenestene».

Dette har ikkje noko med privatisering av velferdsstaten å gjera. So pass burde ein mann som Strøksnes ha fått med seg. Han kunne til dømes ha lese korleis venstresidas eiga tankesmie Manifest definerer privatisering: «Privatisering innebærer at man lar markedet overta på produsentsiden og etterspørselssiden.»

Det Høgre vil, er vel å konkurranseutsetje produksjonen av enkelte offentlege tenester, men framleis la desse vere offentleg finansierte og baserte på universelle rettar i vår moderne velferdsstat.

At dette kan føre til auka utgifter i offentleg sektor, slik Herning meiner, er sjølvsagt noko me må diskutere – og unngå om fortenesta til dei kommersielle aktørane vert for høg. Men då må me òg sjå med kritiske auge på korleis ressursane vert nytta når det offentlege sjølv driv velferdsinstitusjonar.

Herning og Strøksnes ser ut til å meine at høgresida i norsk politikk ikkje vil ha gode og økonomisk bærekraftige offentlege tenester, dei vil berre mata den bendelormen dei samanliknar dei kommersielle aktørane i velferdsstaten med. Men poenget med konkurranseutsetjing er vel å gje politikarane meir kontroll med kvaliteten og kostnadane på dei offentlege tenestene og ikkje mindre?

Herning og Strøksnes vil heller ikkje at private kommersielle aktørar skal kunne tilby offentlege tenester me alle har rett på, fordi det vil føre til «store forskjellar i løn og pensjon for dei tilsette i offentlege og private tariffavtaler». Men er dette riktig?

Ifylgje Utdanningsforbundets lønnskalkulator kunne du til dømes som nyutdanna barnehagelærar i 2021 rekne med ei minsteløn på 423.500 kroner i ein offentleg barnehage her til lands, medan minsteløna for ein nyutdanna i ein privat barnehage var på 446.100 kroner.

Samanliknar me tal frå Kommunesektorens organisasjon KS og Private Barnehagers Landsforbund, finn me òg ut at det knapt er skilnad på dei privatdrivne og dei offentlege når det gjeld løn og pensjon på dette området.

Her kjem likevel Herning med den eine påstanden etter den andre, utan at Strøksnes spør om dette stemmer. Kva slags pludrejournalistikk er det?

Innlegget er publisert i Dag og Tid 22.9.2023.

Publisert: 22. september 2023
Private velferdsleverandører
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Eldreomsorg, sykehus, sykeseng, pleie, omsorg, velferd, velferdsstat, eldrereform, sykehjemsplass
Aslak Versto Storsletten

Norske velferdstjenester er ikke organisert som et åpent marked

Norske velferdstjenester er et resultat av politisk finansiering, styring og regulering.
VelferdsstatenPrivate i velferden
Barnesko, sko
Aslak Versto Storsletten

Feil prioritering i barnehagesektoren

Såkalt gratis barnehage er i vinden. Men det er feil medisin.
Finanspolitikk og offentlige utgifterVelferdstjenesterVelferdsstaten
lederskap
Kristin Clemet

Trenger vi egentlig ledere?

Offentlige virksomheter strever ofte fordi styring og ansvar er blitt for uklart. Ledere mister handlingsrom fordi systemene rundt dem ikke fungerer godt nok.
VelferdsstatenØkonomi og velferd
Avkommersialiseringsutvalget, ideelle og private velferdsleverandører, velferd
Mathilde FastingHege Moen

Vi bør tenke nytt om våre velferdsordninger

Hva om Nav går bort fra å vurdere arbeidsevne og i stedet sikrer inntekt til alle uten jobb? Tenk et system hvor Nav skaffer arbeid til alle som ønsker og trenger det, og hvor det alltid lønner seg å arbeide?
Trygder og pensjonerVelferdsstatenØkonomi og velferdArbeid og sysselsetting
Lege, helsevesen, folk, privat vs. offentlig, samarbeid, helsesektor,
Øystein Olsen

Er sykehuskø uunngåelig?

Behandling skal være veldig kostbart for at ikke en gjennomsnittlig velstående norsk innbygger er villig til å betale for å bli friskmeldt eller få livet vesentlig forlenget.
VelferdstjenesterVelferdsstaten
fedrepermisjon barnevogn menn likestilling
Per Christiansen

Fedrepermisjon og EØS-retten

BREV nr. 85

Fedrepermisjonen har gjennomgått flere endringer i Norge siden den ble innført. Det har blitt hevdet at den er beskyttet av EØS-retten. Dét stemmer, men virkningene av dette er begrenset.
VelferdsstatenEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo