Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Velferdsstaten

Reaksjonært om velferd frå Jens Kihl

Det er ikkje slik at skattepengar vert godt nytta så lenge vi held dei private unna, skriv Lars Kolbeinstveit i Bergens Tidende.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 10. september 2020

Jens Kihl skriv i BT 1. september at NHOs Vegkart Neste trekk «peikar mot eit samfunn dei fleste nordmenn vil unngå. (…) eit samfunn der dei rike dreg ifrå.»

Kihl har rett i at dei fleste ikkje vil ha eit samfunn der dei rike dreg ifrå. Men at det er det NHO vil, er tvilsamt. Jan Arild Snoen i Minerva har meir rett i analysen sin. Snoen meiner NHO manglar mot, og at dei er altfor lite konkrete om korleis vi kan sikra velferda og statsfinansane på lenger sikt.

Analysen til Kihl bommar, fordi det ikkje er slik i Noreg at nokre vil bevare det norske velferdssamfunnet, medan nokre andre få, rike ønskjer seg meir ulikskap og eit samfunn der individet meir eller mindre er overlate til seg sjølv.

Det er ikkje store målkonfliktar i Noreg. Det vi diskuterer, er korleis vi kan bevare velferda og sikra eit godt næringsliv med høg sysselsetjing. Det er samstundes slik at dei som vil reformera for å bevara, lett blir stempla som kalde og kyniske.

At debatten ofte er slik, veit NHO. Det er kan hende difor dei er så lite konkrete.

For om lag tjue år sidan, då eg var aktiv i Studentersamfunnet i Bergen, møtte eg ein økonom frå LO. Før ein debatt sa han til meg at LO hadde blitt konservativt. No handlar det mest om å ta vare på det vi har oppnådd.

Eg trur NHO, og mange andre moderate til venstre og høgre, er samd med denne økonomen. Sigbjørn Johnsen sa noko liknande, då han var finansminister siste gong.

Analysen til Kihl ber preg av at han set opp falske motsetningar. Han skriv: «Det er uansett forfeila å tenkje at ein barnehagelærar «skaper vekst» om hen er i privat sektor, men er ein byrde om hen er tilsett i kommunen.»

Eg veit ikkje om det er nokon som tenkjer slik. Eg har ikkje møtt nokon. Poenget med å nytta private eller ideelle i velferda, er å få meir igjen for skattepengane, skapa innovasjon eller meir valfridom.

Kihl nyttar ikkje omgrepet «velferdsprofitør», men det gjer mange andre og meir radikale. Det er eit dårleg omgrep. Det er med på å bygga opp under ein tanke om at nokre ikkje er med på å bygga fellesskapet i Noreg. At nokre få rike berre tenkjer på seg sjølv og kortsiktig profitt.

Det er samstundes kanskje ein positiv ting med omgrepet. Det kan på sitt beste skjerpa politikarane, slik at dei ikkje kjøper dårleg kvalitet, eller betaler for dyrt for private tenester. Men det hadde vore betre for debatten om opinionen var like kritisk til anna sløsing i offentleg sektor.

Det er ikkje slik at skattepengar vert godt nytta så lenge vi held dei private unna, skjermar for konkurranse, let fagforeiningar bestemma og så bortetter. Snarare kan det vere tvert om.

Min tidlegare kollega Anne Siri Koksrud Bekkelund har skrive mykje interessant om privat, ideell og offentleg velferd. Ho har eit liberalt perspektiv, men dei som les, vil sjå at ho nettopp ikkje har «ideologiske skylappar» eller er kategorisk.

Ikkje alt eignar seg for konkurranse, men konkurranse har som føremål å skapa best mogeleg utnytting av samfunnet sine ressursar. Profitt er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit insitament for å få aktørane til å nytta samfunnet sine ressursar best mogeleg.

Eg trur dei fleste ønskjer at Noreg også framover skal vera eit velferdssamfunn, der lommeboka ikkje er avgjerande for kva velferdstenester ein får. Korleis vi sikrar oppslutning om dette i eit samfunn med aukande privat rikdom, er ikkje berre enkelt.

Eg trur vi betre kan sikra skattevilje, likskap og høg kvalitet, om vi betalar for velferdstenester i fellesskap, men at dei som leverer tenester framleis er både offentlege og private. Dersom vi berre vil ha offentlege leverandørar, er det ikkje sikkert vi nyttar ressursane godt nok.

Dårleg kvalitet kan skapa misnøye. Vi kan få eit meir todelt velferdssamfunn «der dei rike dreg ifrå», fordi dei har råd til å kjøpa heilprivate tenester.

Innlegget var publisert i Bergens Tidende 7. september 2020.

Publisert: 8. august 2022
Kommersielle aktører Velferdsstaten
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Eldreomsorg, sykehus, sykeseng, pleie, omsorg, velferd, velferdsstat, eldrereform, sykehjemsplass
Aslak Versto Storsletten

Norske velferdstjenester er ikke organisert som et åpent marked

Norske velferdstjenester er et resultat av politisk finansiering, styring og regulering.
VelferdsstatenPrivate i velferden
Barnesko, sko
Aslak Versto Storsletten

Feil prioritering i barnehagesektoren

Såkalt gratis barnehage er i vinden. Men det er feil medisin.
Finanspolitikk og offentlige utgifterVelferdstjenesterVelferdsstaten
lederskap
Kristin Clemet

Trenger vi egentlig ledere?

Offentlige virksomheter strever ofte fordi styring og ansvar er blitt for uklart. Ledere mister handlingsrom fordi systemene rundt dem ikke fungerer godt nok.
VelferdsstatenØkonomi og velferd
Avkommersialiseringsutvalget, ideelle og private velferdsleverandører, velferd
Mathilde FastingHege Moen

Vi bør tenke nytt om våre velferdsordninger

Hva om Nav går bort fra å vurdere arbeidsevne og i stedet sikrer inntekt til alle uten jobb? Tenk et system hvor Nav skaffer arbeid til alle som ønsker og trenger det, og hvor det alltid lønner seg å arbeide?
Trygder og pensjonerVelferdsstatenØkonomi og velferdArbeid og sysselsetting
Lege, helsevesen, folk, privat vs. offentlig, samarbeid, helsesektor,
Øystein Olsen

Er sykehuskø uunngåelig?

Behandling skal være veldig kostbart for at ikke en gjennomsnittlig velstående norsk innbygger er villig til å betale for å bli friskmeldt eller få livet vesentlig forlenget.
VelferdstjenesterVelferdsstaten
fedrepermisjon barnevogn menn likestilling
Per Christiansen

Fedrepermisjon og EØS-retten

BREV nr. 85

Fedrepermisjonen har gjennomgått flere endringer i Norge siden den ble innført. Det har blitt hevdet at den er beskyttet av EØS-retten. Dét stemmer, men virkningene av dette er begrenset.
VelferdsstatenEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo